BY-TAXI

Drosjereguleringen

Yrkestransportloven

LOV 2002-06-21 nr 45: Lov om yrkestransport med motorvogn og fartøy (yrkestransportlova).


DATO: LOV-2002-06-21-45
DEPARTEMENT: SD (Samferdselsdepartementet)
PUBLISERT: I 2002 hefte 6
IKRAFTTREDELSE: 2003-01-01
SIST-ENDRET: LOV-2005-06-17-90 fra 2008-01-01
SIST-ENDRET: LOV-2007-02-16-9 fra 2007-07-01
ENDRER:

SENTRALE FORSKRIFTER


INNHOLD

Lov om yrkestransport med motorvogn og fartøy (yrkestransportlova).

Kap. 1. Allmenne reglar
    § 1. Kva lova gjeld (virkeområde)
§ 2. Rutetransport
§ 3. Unntak

Kap. 2. Løyve
    § 4. Løyve for persontransport med motorvogn
§ 5. Løyve for godstransport med motorvogn
§ 6. Behovsprøvd løyve for persontransport med motorvogn i rute
§ 7. Behovsprøvd løyve for persontransport med fartøy i rute
§ 8. Anbod ved tildeling av løyve
§ 9. Behovsprøvd løyve for persontransport med motorvogn utanfor rute
§ 10. Transport med motorvogn til eller frå utlandet mv.
§ 11. Vilkår

Kap. 3. Løyvestyresmakt
    § 12. Løyve
§ 13. Behovsprøvd løyve for persontransport i rute
§ 14. Internasjonal transport og kabotasje
§ 15. Delegering

Kap. 4. Transport som kan drivast utan løyve
    § 16. Eigentransport av gods
§ 17. Transport av post
§ 18. Eigentransport av personar
§ 19. Persontransport knytt til arbeidsforhold innan helse- og omsorgssektoren
§ 20. Annan persontransport
§ 21. Særskilde transportar

Kap. 5. Offentleg godtgjersle til rutetransport
    § 22. Lokal rutetransport
§ 23. Administrasjonsselskap
§ 24. Riksvegferjer

Kap. 6. Sams føresegner
    § 25. Tildeling av løyve
§ 26. Politiattest
§ 27. Kor lenge eit løyve gjeld
§ 28. Overføring av løyve mv.
§ 29. Tilbakekalling av løyve
§ 30. Merking av motorvogn
§ 31. Gebyr
§ 32. Plikt til å gje statistikk mv.
§ 33. Transportvedtekter
§ 34. Søksmålsfrist
§ 35. Utfyllande forskrifter

Kap. 7. Særlege fullmakter
    § 36. Ekstraordinære tilhøve
§ 37. Sivil transportberedskap

Kap. 7A. Kjøresetel
    § 37a. Virkeområde
§ 37b. Søknad om kjøresetel m.m.
§ 37c. Vilkår for tildeling av kjøresetel m.m.
§ 37d. Mellombels nekting av kjøresetel
§ 37e. Beslag av kjøresetel
§ 37f. Tilbakekalling og tap av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag
§ 37g. Innlevering av kjøresetel
§ 37h. Klage og unntak
§ 37i. Forkorting på grunn av etterfølgjande forhold m.m.

Kap. 8. Kontroll, sanksjonar mv.
    § 38. Kontrolldokument
§ 39. Kontroll av eigentransport
§ 40. Forbod mot å bruke køyretøy mv.
§ 41. Straff
§ 42. Iverksetjing. Overgangsføresegner
§ 43. Endringar i andre lover


Lov om yrkestransport med motorvogn og fartøy (yrkestransportlova).

Jfr. tidlegare lover 19 juni 1964 nr. 7, 4 juni 1976 nr. 63.

Kap. 1. Allmenne reglar

§ 1. Kva lova gjeld (virkeområde)

(1) Lova gjeld for transport med motorvogn eller fartøy i Noreg, jf. likevel § 10.

(2) Luftputefartøy vert rekna som fartøy etter denne lova.

(3) Beltebil reknast ikkje som motorvogn etter denne lova.

§ 2. Rutetransport

(1) Som rutetransport reknast regelmessig transport av personar i eit bestemt trafikksamband dersom transporten står open for alle, og på- og avstiging kan skje på stoppestader som er fastsette på førehand.

(2) Følgjande transport skal likevel ikkje reknast som rutetransport:

a) transport av personar frå ein stad og tilbake til denne, når motorvogna eller fartøyet ikkje vert nytta til transport av andre før heile turen er avslutta,
b) transport av personar så framt minst ei overnatting er teken med i den sams prisen og dei påmelde passasjerane følgjer med på heile turen frå utgangspunkt til endepunkt,
c) transport inkludert overnatting som er lagt til rette for regelmessig transport av grupper av personar frå eit avgangsområde til eit bestemmelsesområde, slik at den gruppa som har vore med på turen ut, først returnerer samla til avgangsområdet med ein seinare tur.

§ 3. Unntak

       Departementet kan i tvilstilfelle i forskrift eller einskildvedtak fastsetje kva som skal reknast som rutetransport.

Kap. 2. Løyve

§ 4. Løyve for persontransport med motorvogn

(1) Den som mot vederlag vil drive persontransport med motorvogn må ha løyve. Det same gjeld den som utfører persontransport mot vederlag på liknande måte som drosje når tilbod om transport vert retta til ålmenta på offentleg plass.

(2) Løyve kan tildelast den som har

a) god vandel,
b) tilfredsstillande økonomisk evne og
c) tilstrekkeleg fagleg kompetanse.

§ 5. Løyve for godstransport med motorvogn

(1) Den som mot vederlag vil drive godstransport med motorvogn med tillatt totalvekt over ei vektgrense som vert nærare fastsett av departementet må ha løyve. Det same gjeld den som utfører godstransport mot vederlag med motorvogn som elles er friteken frå kravet til løyve i medhald av § 16, når transporten kan sjåast som ledd i næringsverksemd. § 4 andre ledd gjeld tilsvarande.

(2) Som motorvogn etter denne lova reknast lastebil, kombinert bil og trekkbil tillatt brukt på offentleg veg.

§ 6. Behovsprøvd løyve for persontransport med motorvogn i rute

(1) Den som mot vederlag vil drive persontransport i rute med motorvogn må i tillegg til løyve etter § 4 første ledd ha særskilt løyve for rutetransport.

(2) Administrasjonsselskap som nemnt i § 23 treng ikkje løyve.

(3) Den som har ruteløyve kan samstundes og med same motorvogn utføre godstransport utan særskilt løyve for transport av gods.

§ 7. Behovsprøvd løyve for persontransport med fartøy i rute

(1) Den som mot vederlag vil drive persontransport i rute med luftputefartøy, eller med anna fartøy over 8 m lengde tilsvarande 4 bruttotonn må ha ruteløyve. § 4 andre ledd bokstav a) og b) og § 6 andre ledd gjeld tilsvarande.

(2) Det trengs likevel ikkje ruteløyve for:

a) Transport mellom Noreg og andre land som tek med personar mellom stader i Noreg.
b) Transport av personar innan eit hamnedistrikt, dersom det [med] med heimel i lov 8. juni 1984 nr. 51 om havner og farvann er fastsett særskilt løyveordning. Dette gjeld likevel ikkje for riksvegferjer.
c) Transport av inntil 12 personar, såframt det ikkje vert krevd passasjersertifikat etter lov om skipssikkerhet (skipssikkerhetsloven).

Endra med lov 16 feb 2007 nr. 9 (i kraft 1 juli 2007, etter res. 16 feb 2007 nr. 170).

§ 8. Anbod ved tildeling av løyve

       Ved tildeling av løyve etter §§ 6 og 7 kan det nyttast anbod. Departementet gjev nærare forskrift om anbod.

§ 9. Behovsprøvd løyve for persontransport med motorvogn utanfor rute

(1) Den som mot vederlag vil drive persontransport utanfor rute med motorvogn registrert for inntil 9 personar, må i tillegg til løyve etter § 4 ha særskilt drosjeløyve.

(2) Løyve for drosjekøyring gjeven til fysisk person fell bort når innehavaren fyller 70 år.

(3) Løyvestyresmakta kan gje påbod om at det skal skipast drosjesentralar og om korleis dei skal drivast, om plikt til å betale innskot og avgift til sentralen og om at sentralen skal ha rett til å fastsetje køyreordninga og gje andre reglar for verksemda. Slike føresegner kan gjerast gjeldande både for løyvehavar og førar, og ha med pålegg om bruk av uniform.

(4) Departementet kan gje forskrifter om andre særskilte løyveordningar for persontransport utanfor rute med motorvogn registrert for inntil 17 personar.

(5) Departementet kan gje forskrifter om korleis ei motorvogn skal vere utstyrt når ho vert nytta til løyvepliktig transport etter denne paragrafen.

§ 10. Transport med motorvogn til eller frå utlandet mv.

(1) Den som har forretningsstad i Noreg og som vil utføre transport av personar eller gods mot vederlag til eller frå utlandet, må ha [ha] rett til å utføre tilsvarande transport innanlands og dessutan ha særskilt samtykke frå vedkommande stat dersom dette krevst.

(2) Den som har forretningsstad i utlandet og som vil utføre transport av personar eller gods mot vederlag til eller frå Noreg, må ha særskilt samtykke frå Noreg når ikkje anna følgjer av internasjonal avtale der Noreg er part.

(3) Den som ikkje har forretningsstad i Noreg kan ikkje utføre transport av personar eller gods mot vederlag mellom stader i Noreg, dersom ikkje anna følgjer av internasjonal avtale der Noreg er part. I einskildvedtak kan departementet òg gje samtykke til slik transport for verksemder frå land som Noreg ikkje har tilsvarande avtale med.

(4) Departementet kan i forskrift fastsetje nærare reglar og vilkår for transport mot vederlag med motorvogn til eller frå Noreg, og for transport mot vederlag mellom stader i Noreg utført av den som har forretningsstad i utlandet.

§ 11. Vilkår

       Løyvestyresmakta kan setje vilkår for det einskilde løyvet.

Kap. 3. Løyvestyresmakt

§ 12. Løyve

       Løyve etter §§ 4, 5 og 9 vert gjevne av fylkeskommunen.

§ 13. Behovsprøvd løyve for persontransport i rute

(1) Departementet gjev løyve til riksvegferjer og til rutetransport som går gjennom to eller fleire fylke.

(2) Med den avgrensinga som følgjer av første ledd, gjev fylkeskommunen løyve til rutetransport etter §§ 6 og 7.

§ 14. Internasjonal transport og kabotasje

       Departementet gjev løyve til transport etter § 10.

§ 15. Delegering

       Departementet kan delegere sine oppgåver etter denne lova til fylkeskommunen.

Kap. 4. Transport som kan drivast utan løyve

§ 16. Eigentransport av gods

(1) Det trengst ikkje løyve etter § 5 for transport av eige gods (eigentransport) når transporten er ledd i anna næringsverksemd.

(2) Likt med eige gods reknar ein gods som vedkomande har eller får rådvelde over i samband med kjøp, sal, lån, leige, framstilling, behandling og reparasjon.

(3) Første ledd gjeld berre godstransport som er ein hjelpefunksjon i høve til verksemda si samla aktivitet, og utførast av eigaren av verksemda eller ein tilsett i denne.

(4) Motorvogn som vert nytta i transport av eige gods, skal vere utstyrt med eigentransporterklæring som skal takast med i motorvogna og synast fram ved kontroll. Det trengst ikkje eigentransporterklæring for statlege, fylkeskommunale eller kommunale etatar sin eigentransport med eigne motorvogner.

(5) Første ledd gjeld berre motorvogn som verksemda eig eller har bruksrett til etter leasing- eller leigekontrakt som skal visast fram ved kontroll.

§ 17. Transport av post

       Posten Norge AS treng ikkje løyve for transport av postsendingar som ligg innanfor samfunnspålagte oppgåver og som følgjer av selskapet sin konsesjon etter lov 29. november 1996 nr. 73 om formidling av landsdekkende postsendinger (postloven). Unnatak frå løyveplikta gjeld berre transporter som Posten Norge AS utfører med motorvogner selskapet eig eller har bruksretten til etter leasing- eller leigekontrakt som skal visast fram ved kontroll.

Endret ved lov 20 juni 2003 nr. 45 (i kraft 1 juli 2003 iflg. res. 20 juni 2003 nr. 712).

§ 18. Eigentransport av personar

       Det trengst ikkje løyve når ei verksemd transporterer eigne tilsette til eller frå arbeidsstaden. Likeins trengs det ikkje løyve når hotell eller liknande verksemd utfører transport av eigne overnattingsgjester. § 16 femte ledd gjeld tilsvarande.

§ 19. Persontransport knytt til arbeidsforhold innan helse- og omsorgssektoren

(1) Tilsette i det offentlege eller i offentleg godkjend institusjon innan helse- eller omsorgssektoren treng ikkje løyve for å drive persontransport med motorvogn registrert for inntil 9 personar inkludert førar, dersom transporten framstår som eit naturleg ledd i den tilsette sine arbeidsoppgaver.

(2) Første ledd gjeld berre transport som framstår som ein underordna funksjon og der vederlaget for transporten ikkje overstig staten sine satsar for kilometergodtgjersle.

§ 20. Annan persontransport

(1) Det trengst ikkje løyve når den som rår over ein personbil tek med seg folk han arbeider saman med eller grannar når han køyrer mellom bustad og arbeidsstad.

(2) Likeins krevst det ikkje løyve for transport av sjuke eller skadde personar med godkjend ambulanse.

§ 21. Særskilde transportar

(1) Departementet kan i forskrift eller i einskildvedtak fastsetje unnatak frå kravet om løyve for særskilde slag transportar eller motorvogner dersom det ikkje er i strid med internasjonal avtale der Noreg er part.

(2) For unnatak frå kravet om løyve etter denne paragrafen gjeld § 11 tilsvarande.

Kap. 5. Offentleg godtgjersle til rutetransport

§ 22. Lokal rutetransport

(1) Fylkeskommunen har ansvar for å yte godtgjersle til rutetransport som fylkeskommunen vil opprette eller halde oppe innan eit fylke, jf. likevel § 24.

(2) Vedtak av fylkeskommunane i saker om godkjenning av ruteplan, takstar og godtgjersle kan ikkje klagast til departementet.

(3) Staten yter årleg rammetilskot til delvis dekning av fylkeskommunane sine utgifter. Tilskotet blir fordelt gjennom inntektssystemet for kommunane og fylkeskommunane etter reglar gjevne av Kongen.

(4) Innan dei fristane departementet fastset, skal fylkeskommunane leggje fram budsjett, rekneskap og elles gje dei opplysningane som trengst for departementet si vurdering av framtidig samla behov for tilskot.

(5) Fylkeskommunen fastset kontraktsform og retningsliner som skal gjelde for tildeling av godtgjersle.

(6) Kontrakt om godtgjersle som er inngått på grunnlag av anbod, skal gjelde for minst 5 år, med unnatak for mellombelse ruter. Når særlege grunnar taler for det, kan ei inngått avtale forlengjast for kortare tid.

§ 23. Administrasjonsselskap

       Fylkeskommunen kan gjere vedtak om at godtgjersle til rutetransport skal gå til eit selskap som administrerer rutesambanda i fylket. § 22 femte og sjette gjeld tilsvarande.

§ 24. Riksvegferjer

       Departementet har ansvar for å yte godtgjersle til ferjer i riksvegsamband. Departementet fastset kontraktsform og retningsliner som skal gjelde for tildeling av godtgjersle. Ved bruk av anbod gjeld § 22 sjette ledd tilsvarande.

Kap. 6. Sams føresegner

§ 25. Tildeling av løyve

       Løyve etter denne lova kan tildelast dei som fyller krava som er sette i lova eller i forskrift med heimel i lova. Eit selskap eller annan juridisk person kan tildelast løyve på vilkår som vert nærare fastsette av departementet.

§ 26. Politiattest

       Det kan krevjast politiattest ved søknad om løyve etter denne lova, og etter at løyve er gitt etter ein tidsperiode som vert nærare fastsett av departementet.

§ 27. Kor lenge eit løyve gjeld

(1) Løyve etter §§ 4 og 5 gjeld utan avgrensing i tid, jf. likevel § 9 andre ledd.

(2) Behovsprøvd løyve etter §§ 6 og 7 gjeld i ti år. Løyvestyresmakta kan ta att eit løyve før løyvetida er ute i samband med innføring av anbod for vedkommande rute eller ruteområde.

(3) Når anbod vert nytta i rutedrifta, eller særlege grunnar talar for det, kan løyve gjevast for kortare tid.

(4) Departementet kan i løyvetida gjere endringar i forskriftene for løyvepliktig verksemd og i vilkår som er sette for eit løyve. Vil løyvehavaren ikkje halde fram med drifta på dei nye vilkåra, skal han få ei rimeleg tid til å leggje ned verksemda.

§ 28. Overføring av løyve mv.

       Ein løyvehavar kan ikkje overlate løyvet sitt til andre utan samtykke frå løyvestyresmakta.

§ 29. Tilbakekalling av løyve

(1) Løyvestyresmakta kan kalle tilbake løyve når løyvehavaren ikkje fyller dei krava som er sette i forskrifter og vilkår, eller ikkje rettar seg etter forskrifter og vilkår som gjeld for å drive verksemda.

(2) Døyr løyvehavaren, skal den som rår over buet hans straks sende melding om dødsfallet til den styresmakt som har gjeve løyvet. Det same skal gjerast om løyvehavaren går konkurs. Når løyvehavar døyr eller går konkurs, kan løyve takast att utan varsel. Departementet kan gje nærare føresegner om avvikling av løyve der løyvehavar døyr.

(3) Når retten til å drive løyvepliktig verksemd etter lova har falle bort, skal løyvehavaren eller den som rår over buet hans, straks sende tilbake dei legitimasjonane og løyveskilta som han har fått frå løyvestyresmakta.

(4) Når det er fastsett at løyve skal takast att, kan det samstundes gjerast vedtak om at vedkomande ikkje skal få nytt løyve før etter ei fastsett tid utan omsyn til at han fyller krava for å få nytt løyve.

§ 30. Merking av motorvogn

       Departementet kan gje forskrifter om at motorvogn som vert nytta til løyvepliktig transport skal merkast med løyveskilt.

§ 31. Gebyr

       Departementet kan i forskrifter fastsetje at det skal betalast gebyr for utferding av løyvedokument, løyveskilt eller annan dokumentasjon etter denne lova.

§ 32. Plikt til å gje statistikk mv.

(1) Den som i samband med næring eller verksemd han driv, sender eller tek mot gods, og dei som driv eller direkte eller indirekte formidlar transport av personar eller gods mot vederlag, skal gje dei opplysningane som departementet krev ved gjennomføringa av denne lova.

(2) Departementet kan gje forskrifter om statistikk for løyvepliktig transport og for transport som er friteken for løyveplikt etter denne lova.

§ 33. Transportvedtekter

(1) Departementet kan i forskrift eller einskildvedtak gje reglar om transportvedtekter og om tilleggsavgift ved manglande gyldig billett i rutetransport.

(2) Reisande med rutetransport som går inn under lova her, som i kontroll ikkje kan framvise gyldig billett, og som ikkje på staden betaler den tilleggsavgift som departementet har godkjend med heimel i første ledd, kan haldast tilbake av transportselskapet sine kontrollørar så lenge den reisande ikkje gjev tilstrekkelege opplysningar om namn, adresse og fødselsdato. Retten til å halde reisande tilbake gjeld òg mens dei opplysningane den reisande gjev vert stadfesta.

(3) Retten til å halde reisande tilbake etter andre ledd gjeld berre når retten er godkjend av departementet som del av selskapet sine transportvedtekter.

(4) Ein person kan ikkje verte halde tilbake dersom det etter omstenda vil vere eit uforholdsmessig inngrep.

(5) Personar under 15 år bør ikkje haldast tilbake.

§ 34. Søksmålsfrist

       Styringsorgan som har gjort vedtak etter denne lova, kan fastsetje at fristen for å reise søksmål skal vere to månader frå det kom fram melding om vedtaket til vedkommande part.

Endra med lov 17 juni 2005 nr. 90 (i kraft 1 jan 2008, etter res. 26 jan 2007 nr. 88).

§ 35. Utfyllande forskrifter

       Departementet gjev nærare forskrifter om kvar enkelt løyveordning og utfyllande forskrifter til gjennomføring av lova.

Kap. 7. Særlege fullmakter

§ 36. Ekstraordinære tilhøve

       Når samferdselsomsyn under ekstraordinære tilhøve gjer det naudsynt, kan departementet gje løyvehavar pålegg om å utføre visse transportoppgåver. Det same gjeld for andre som eig eller brukar motorvogner for gods- og persontransport, målepliktig fartøy og statens jernbanetrafikkselskap og jernbanetrafikkselskap der statens jernbanetrafikkselskap eig over halvparten av selskapet.

§ 37. Sivil transportberedskap

       Departementet kan gje føresegner om den sivile transportberedskap i fredstid, ved beredskap, mobilisering og i krig samt ved ekstraordinære krisetilhøve. Departementet kan òg i føresegnene gjere unntak frå reglane i lova. Departementet kan pålegge fylkeskommunane transportberedskapsoppgaver.

Kap. 7A. Kjøresetel

Kapitlet føyd til med lov 19 des 2003 nr. 132 (i kraft 1 jan 2004).

§ 37a. Virkeområde

       Førar av drosje, selskapsvogn, turvogn, rutevogn og motorvogn som er spesielt utforma og/eller utstyrt for transport for funksjonshemma, må under persontransport mot vederlag ha kjøresetel i tillegg til førarkort.

       Kjøresetelen gjeld for heile landet og blir utferda av politimeisteren eller den han gir myndigheit der vedkommande bur. Det er ikkje nødvendig med ny kjøresetel ved skifte av bustad, jf. § 37 c andre ledd.

       Kjøresetel blir utferda for 10 år. For person som er fylt 60 år blir kjøresetelen utferda for fem år, men ikkje lenger enn til innehavar fyller 70 år. Dersom særlege helseforhold tilseier det, skal perioden kjøresetelen er gyldig for setjast kortare.

Føyd til med lov 19 des 2003 nr. 132 (i kraft 1 jan 2004).

§ 37b. Søknad om kjøresetel m.m.

       Søknad om kjøresetel skal gjerast på fastsett blankett. Legeattest skal leggjast ved søknad om kjøresetel og søknad om fornying av kjøresetel.

       Det blir stilt same krav til helse m.m. som for førarkort klasse D og DE. Dersom innehavar av kjøresetel ikkje lenger fyller dei krava som er sette for syn, hørsel og førleik, pliktar vedkommande å gi melding til politiet.

       Politiet skal gi kjøresetelen påteikning om eventuelle avgrensande vilkår.

Føyd til med lov 19 des 2003 nr. 132 (i kraft 1 jan 2004).

§ 37c. Vilkår for tildeling av kjøresetel m.m.

       Den som skal få kjøresetel, må være fylt 20 år og ha slik vandel at politiet ikkje finn vedkommande uskikka til å virke som førar av slik motorvogn som nemnd i § 37 a.

       Politimeisteren eller den han gir myndigheit kan bestemme at det for å få kjøresetel for drosje skal krevjast avlagt prøve som viser tilstrekkeleg kjennskap til løyvedistriktet. Er slikt vedtak sett i verk, gjeld ikkje kjøresetel frå anna politidistrikt utan påteikning frå politiet om at vedkommande har stått til kjentmannsprøven.

Føyd til med lov 19 des 2003 nr. 132 (i kraft 1 jan 2004).

§ 37d. Mellombels nekting av kjøresetel

       Blir ein som ikkje har kjøresetel med skilleg grunn mistenkt for straffbart forhold, som kan vere avgjerande for retten til å få kjøresetel, kan politimeisteren eller den han gir myndigheit bestemme at kjøresetel ikkje skal utferdast før saka er endeleg avgjort, likevel ikkje ut over tre månadar utan orskurd frå tingretten.

Føyd til med lov 19 des 2003 nr. 132 (i kraft 1 jan 2004).

§ 37e. Beslag av kjøresetel

       Finn politiet at innehavar av kjøresetel med skilleg grunn er mistenkt for straffbart forhold som kan medføre tap av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag, jf. § 37 f andre ledd, kan ein polititenestemann ta kjøresetelen frå innehavaren. Spørsmålet om å oppretthalde beslaget skal så snart som mogeleg leggjast fram for ein tenestemann som tilhører påtalemakta. Avgjerda skal gjerast skriftleg. Dersom den mistenkte ikkje samtykker i beslaget, må spørsmålet om fortsett beslag av kjøresetel innan tre veker sendast tingretten til avgjerd.

Føyd til med lov 19 des 2003 nr. 132 (i kraft 1 jan 2004).

§ 37f. Tilbakekalling og tap av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag

       Politimeisteren eller den han gir myndigheit, kan treffe vedtak om å kalle retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag tilbake, dersom vedkommande ikkje er edrueleg eller viser seg å vere upåliteleg eller å ha andre eigenskapar som gjer at han må reknast som uskikka til å vere førar av bil under persontransport mot vederlag.

       Blir den som har kjøresetel ilagt straff, kan det i same dom eller ved førelegg fastsetjast tap av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag for ei bestemt tid eller for alltid, dersom allmenne omsyn elles krev det.

Føyd til med lov 19 des 2003 nr. 132 (i kraft 1 jan 2004).

§ 37g. Innlevering av kjøresetel

       Ved beslag av kjøresetel, tilbakekalling eller tap av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag, pliktar innehavaren straks å levere kjøresetelen til politiet.

Føyd til med lov 19 des 2003 nr. 132 (i kraft 1 jan 2004).

§ 37h. Klage og unntak

       For vedtak treft av politiet er Politidirektoratet klageinstans. I klagesak om krav til helse og førleik for kjøresetel, skal politiet byggje på endeleg avgjerd frå Statens helsetilsyn om helsemessige tilhøve. Gjeld klagen krav til førleik som er avgjort av regionvegkontoret, skal politiet byggje på endeleg avgjerd frå Vegdirektoratet. For vedtak treft av regionvegkontoret er Vegdirektoratet klageinstans.

       Politidirektoratet kan i særskilde høve gjere unntak frå reglane i kapittelet her.

Føyd til med lov 19 des 2003 nr. 132 (i kraft 1 jan 2004).

§ 37i. Forkorting på grunn av etterfølgjande forhold m.m.

       Tilbakekalling av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag er ikkje til hinder for at politimeisteren eller den han gir myndigheit utferdar ny kjøresetel dersom dei grunnar som medførte tilbakekallinga ikkje lenger er til stades.

       Dersom særlige grunnar talar for det, kan politimeisteren eller den han gir myndigheit forkorte den perioden for tap av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag som er fastsett ved dom eller førelegg, jf. § 37 f. Dersom særs sterke grunner talar for det, kan perioden forkortast sjølv om minstetida etter lov eller forskrift ikkje er gått ut.

Føyd til med lov 19 des 2003 nr. 132 (i kraft 1 jan 2004).

Kap. 8. Kontroll, sanksjonar mv.

§ 38. Kontrolldokument

       Førar av motorvogn eller fartøy i løyvepliktig transport eller løyvefri eigentransport, skal på kvar einskild transport ha med seg dei legitimasjonane som det er fastsett at han skal syne fram når det vert ført kontroll av politiet, Statens Vegvesen eller annan offentleg tenestemann som departementet gjev rett til å føre kontroll etter denne lova.

§ 39. Kontroll av eigentransport

       Når kontrollmakta ber om det pliktar førar å gje tilgang til varerom, container, kapell o.l. på motorvogn som er friteken frå løyve i medhald av §§ 16 og 17.

§ 40. Forbod mot å bruke køyretøy mv.

(1) Den som har fullmakt til å føre kontroll etter denne lova, kan for så lang tid som det vert funne naudsynt, forby bruken av køyretøy som vert nytta til transport av personar eller gods utan påbode løyve eller anna godkjenning etter denne lova. Det kan krevjast at gods som blir transportert utan påbode løyve vert lasta om på staden.

(2) Forbod mot å bruke eit køyretøy kan iverksetjast på staden.

(3) Vert det sett forbod mot å bruke eit køyretøy, kan kjennemerke og vognkort inndragast med det same.

(4) Eit køyretøy som det er forbode å bruke, kan kontrollmakta, når ho meiner det trengst, ta i forvaring. Vert køyretøyet ikkje henta innan 3 månader etter at forbodstida har gått ut, kan det verte seld når eigaren har fått melding om det i rekommandert brev. Reglane i vegtrafikkloven § 37 fjerde ledd, tredje punktum og femte til sjuande ledd gjeld tilsvarande.

§ 41. Straff

       Om nokon med vilje eller aktløyse bryt eller hjelper til med å bryte denne lova, forskrifter eller vilkår som er fastsette med heimel i lova, vert han straffa med bot. Forsøk på slike brot er også straffbart.

§ 42. Iverksetjing. Overgangsføresegner

1. Kongen fastset kva tid lova skal ta til å gjelde.1
2. Reglar, forskrifter og vedtak som er gitt i medhald av lov 4. juni 1976 nr. 63 om samferdsel gjeld òg etter at lova her er sett i kraft.
1 Frå 1 jan 2003, etter res. 20 des 2002 nr. 1695.

§ 43. Endringar i andre lover

       Frå den tid lova vert iverksett, vert det gjort følgjande endringar i andre lover: – – –

 

Databasen sist oppdatert 19. feb 2008

Siste poster